Strandlinedatering
Veit du at Noreg vert litt større for kvart år som
går? Staden der du bur stig litt høgare opp frå havflata
for kvart år. Det er ikkje mykje berre om lag 1 millimeter
kvart år.
Om me går attende til byrjinga av eldre steinalder
8 000 år før Kristus, veit me at på Sotra utanfor Bergen
stod havet 25 meter høgare enn i dag. Årsaka var at
dei store isbreane frå istida hadde tyngd ned
landet vårt og pressa det nedover. Då isen smelta vart
landet fritt for tyngda slik at det steig. I byrjinga
steig det raskt, etterkvart litt saktare.

Folk som budde langs kysten i steinbrukande tid budde
heilt nede i strandkanten. Dersom me finn ein buplass
som ligg kring 25 meter over havet i dag, så er det
svært truleg at buplassen kan ha vore i bruk tidleg
i eldre steinalder. Dette kan du lese utfrå kurven
over. Du vil også sjå at kring 4000 år
før notid stod havet omkring 12 meter høgare
enn i dag.
Denne dateringsmetoden må likevel kontrollerast
mot andre metodar. Det vanlegaste er å bruke 14C
- metoden dersom det er mogleg, men det er også
viktig å sjå på gjenstandsfunna om
dei også kan vere frå den tida. Funn fra steinbrukande
tid vert tidfesta utfra kva for teknologi som er brukt
og utfra kva slags materiale funna er laga av.
- tapestransgresjon
Arkeologane finn mange buplassar frå kring 6500 år
før Kristus som ligg under tjukke lag av sand og stein.
Steingjenstandane frå denne tida er også ofte slitne
av havet. Flinten vert kvit og runda i kantane. Kva
trur du skjedde?
Midt i eldre steinalder, kring 6500 år f.Kr., skjedde
det noko med strandlina som du kan sjå på kurven over.
Plutseleg stig kurven att etter at han har sokke jamt
sidan 8000 før Kristus. Denne hendinga kallar geologane
for tapestransgresjonen.
Det som skjedde var at vatnet tok til å stige att fordi
isbreane smelta fortare enn landet steig. Resultatet
vart at landet vart overfløymd av havet att. Mange buplassar
vart og overfløymde. Slik kan arkeologane vite at dersom
dei finn buplassar som ligg om lag 10 - 15 meter over
havet der gjenstandane er slitne av havet, då kan dei
stamme frå tida kring 6500 år før Kristus då landet
vart overfløymd av vatn.
|