HEIM
Graving og forsking
Kulturminnelova og freding
Tidstavle
Arkeologen i arbeid
- registrering og forundersøking
- utgraving
- teikning og fotografering
- konservering
- magasin
- arkiv
Arkeologiske forskingsmetodar
Etterarbeid
Dateringsmetodar
- stratigrafi
- typologi
- 14C - metoden
- strandlinedatering
Paleobotanikk
- pollenanalyse

- makrofossilar
- treartsbestemming
Beinmateriale
Forskingsformidling

Om prosjektet

 

Etterarbeid

Når utgravinga er ferdig, starter ein lang periode med etterarbeid. Dette arbeidet omfattar det å vaske funna, merke kvart einskild funn med sitt unike nummer, skrive dei inn i katalogen, sende ulike prøvar til analyse. Det kan vere kolprøver som skal til radiologisk datering eller jordprøver til dei botaniske ekspertane for analyse, beinmateriale til osteologiske eksperter osb. Når det gjelder pollenmaterialet og beinmaterialet er det vanlig at eksperten innen disse feltene selv kommer ut i felt for å ta ut prøver selv. Dette sikrer renhet på prøvene og at man finner fram til de beste stedene for prøvetaking sett utfra den analysemetoden som velges til bearbeiding av prøvene.

Når dei viktige prøvane er sende, tek det litt tid før resultata er klare. Arkeologen startar no analyse av det arkeologiske materialet som er kome fram. Mengda funn som dukkar opp på ei utgraving er svært varierande. Ein steinalderbuplass vil kunne gje både 3- og 500 000 funn medan ein gravhaug eller ei buflate frå jernalder kan gje få eller ingen funn. Men dei sistnemde vil kunne gje andre typar materiale som er tidkrevjande å bearbeide. Særleg vil ei gammel buflate frå bronse- eller jenalder kunne gje flere hundre stolpehol, eldstader eller kokegroper som ein må sikre god dokumentasjon av.

Eit utgravingsprosjekt resulterer alltid i ein rapport frå arbeidet der all viktig dokumentasjon skal komme fram. Det er også vanleg at den ansvarlege prosjektleiaren skriv ein eller fleire vitskaplege artiklar frå arbeidet.