HEIM
Graving og forsking
Kulturminnelova og freding
Tidstavle
Arkeologen i arbeid
- registrering og forundersøking
- utgraving
- teikning og fotografering
- konservering
- magasin
- arkiv
Arkeologiske forskingsmetodar
Etterarbeid
Dateringsmetodar
- stratigrafi
- typologi
- 14C - metoden
- strandlinedatering
Paleobotanikk
- pollenanalyse

- makrofossilar
- treartsbestemming
Beinmateriale
Forskingsformidling

Om prosjektet

 

Utgraving

På ei utgravinga trengst det ofte mange folk. Det er mykje arbeid som skal gjerast, og mykje av arbeidet tek lang tid. Det er oftast studentar i arkeologi og ferdig utdanna arkeologar som arbeider på like prosjekt.

Ein brukar mange ulike reiskapar på ei utgraving; gravemaskin, motorsag, krafse, spade, trillebår, bytter, gravebakke, ausekar, murarskei, tannbørste, pinsett og meste alt anna dei trur kan nyttast til å gjere det dei vil ha gjort.

I tillegg til å grave, må dei solde jorda, samle inn funna frå soldet, skrive på posar til funna, teikne det de har greve fram og fotografere det.


Telt til å gå i skjul når arkeologen skal skrive på posar eller fylle ut skjema.


Frå utgraving på Stord. Her har to skulegutar kome på besøk og får sjå litt nærare på det arkeologane driv med.


Soldeplassen på ei utgraving. Bytter med jord hellast i soldet. Så vaskast jorda rein med slange.


Utplukking av funn fra soldet. Her var det funn fra ein steinalderbuplass.


Kvart funn leggjast i poser og merkast med kvar dei er funnen.