Ordet arkeologi kan vi altså omsette med "læra
om det gamle". Arkeologen er oppteken av menneska, samfunnet
og tinga dei hadde i fortida. I arkeologisk samanheng
vert fortida gjerne delt opp i mindre einingar slik:
Forhistorisk tid reknar vi frå
10 000 år før Kristus fram til 1030 etter
Kristus.
Mellomalder går frå 1030 til 1537 etter Kristus.
Nyare tid eller etterreformatorisk tid er
tida frå reformasjonen i 1537 til i dag.
Desse hovudeiningane vert ogjen delte opp i ein
ennå finare skala slik.