14C-metoden
Berre ein kolbit er nok til å datere ein buplass frå
steinalderen eller eit gammalt skjelett! Det har med
radioaktiv stråling å gjere. Alt levande tek opp i seg
karbon (C) gjennom mat og næring, både menneske, dyr
og planter. Karbon er det vanlegaste stoffet i levande
organismar. Det finst ulike typar karbon. Ein av dei
er radioaktiv, og vert kalla 14C. Det avgir
stråling, men slikt radioaktivt karbon er ikkje farleg.
Når eit tre vert felt eller eit menneske døyr, sluttar
dei å ta opp 14C . Frå då av vil strålinga
frå det radioaktive karbonet i kroppen eller treet minke
etter som åra går. Me veit nøyaktig kor fort strålinga
minkar. Ofte finn arkeologane brende kolbitar i gamle
bål på steinaldersbuplassane eller i andre samanhengar.
Dei kan brukast til slik måling. Det er då mogleg å
rekne seg attende og finne ut kva tid til dømes
treet vart hoggen. Dette vert kalla 14C -
metoden.

|