HEIM
Graving og forsking
Kulturminnelova og freding
Tidstavle
Arkeologen i arbeid
- registrering og forundersøking
- utgraving
- teikning og fotografering
- konservering
- magasin
- arkiv
Arkeologiske forskingsmetodar
Etterarbeid
Dateringsmetodar
- stratigrafi
- typologi
- 14C - metoden
- strandlinedatering
Paleobotanikk
- pollenanalyse

- makrofossilar
- treartsbestemming
Beinmateriale
Forskingsformidling

Om prosjektet

 

Arkeologen i arbeid

Arkeologane må førebu seg nøye når dei skal ut å leite etter nye funn i samband med oppdragsforsking eller i forkant av eit uavhengig forskningsprosjekt. Ein viktig del av eitkvart arkeologisk arbeid er å granske kjende funn, og å gjennomgå dokumentsamlingar, arkiv og katalogar på førehand på leiting etter opplysingar.

Det topografiske arkivet er ei dokumentsamling som finnst på alle dei arkeologiske musea. Her er opplysningane systematiserte geografisk etter fylke, kommune og gardsnamn og -nummer. Einkvar eigedom i Noreg har eit gards- og eit bruksnummer, og dette vert nytta i dokumentsamlinga.

Gjenstandskatalogen er musea sin katalog over alle funn dei har i samlinga si. I Bergen vart denne påbegynt i 1825 og vert framleis ført!

Fornminneregisteret består av alle bevarte kulturminne i hele landet. Registeret vert oppdatert av Norsk Institutt for Kulturminneforsking (NIKU).

I tillegg er det mange og viktige opplysingar å finne i dei mange forskingsarbeida som er utført gjennom tida både her i landet, i Norden og i resten av verda. Alt dette materialet er sentralt å kjenne til når ein skal gå i gang med eit arkeologiske arbeid.

I denne omgang skal vi la forskningsmetodikk liggje, medan vi går vidare med å sjå litt nærmare på arkeologen sitt arbeid i felt og det som er knytta til dette.