HEIM
Graving og forsking
Kulturminnelova og freding
Tidstavle
Arkeologen i arbeid
- registrering og forundersøking
- utgraving
- teikning og fotografering
- konservering
- magasin
- arkiv
Arkeologiske forskingsmetodar
Etterarbeid
Dateringsmetodar
- stratigrafi
- typologi
- 14C - metoden
- strandlinedatering
Paleobotanikk
- pollenanalyse

- makrofossilar
- treartsbestemming
Beinmateriale
Forskingsformidling

Om prosjektet

 

Typologi , eller læra om likeskap mellom gjenstandar

Utsjåande og funskjonen til ein gjenstand endrar seg over tid. I dag er det gjerne moter eller ny teknologi som er hovuedårsaka til slike endingar.

Utforminga av lokomotiver over tid kan illustrere dette:

  • eit lokomotiv frå slutten av 1800-talet er dampdreiven med stor fyrkjele og kraftig pipe på taket

  • et lokomotiv frå kring 1950 vart dreiven av elektrisitet og hadde ikkje lenger behov for store kjeler, men fekk istaden kjøreledningar

  • signaturtoget sitt lokomotiv er særs stømlinjeforma og "moderne"

Alle har likevel til felles at de brukes til å trekke et sett av vogner framover langs ferdiglagte skinneganger.

Eit sverd frå byrjinga av bronsealderen er ulikt eit sverd frå slutten av bronsealderen. Funksjonen til sverdet er den same gjennom heile perioden. Typologi er et fint ord for dette. Det tyder "læra om likskap mellom gjenstandar". Arkeologane nyttar denne metoden til å finne ut kva for eit sverd som er eldst og kva for eit sverd som er yngst i høve til kvarandre.

Dersom det er mogleg å finne organisk materiale som kan knytast til minst eitt av funna i ein typologisk rekkje, vil vi kunne sjekke den absolutte dateringa til gjenstanden ved hjelp av 14C -metoden (karbon14-metoden).