Teikning og fotografering
Det er viktig å ta godt vare på alle opplysningar frå
ei utgraving. Ein kan ikkje gå attende til staden for
å finne ut meir etterpå, for då er jo alt graven
vekk. God dokumentasjon er den einaste forbindelsen
ein har i ettertid til kulturminnet som er graven ut.
Derfor vert det brukt mykje tid på dokumentasjon.
Ein teiknar og fotograferer det ein ser. Ein skriv dagbok,
gravingsskjema, merker av på oversiktskart kvar
ein har grave, fører nøye merknader på
funnposer, teiknar markoverflata ein har grave frem
osv. Det er også svært viktig å ta
gode og riktige bilete både av flata ein har grave
fram og gjerne også av gjenstandane ein finn.
Foto av gjenstandar vert elle tatt når ein har
tatt gjenstanden inn til museet og rensa han.

En kullgrop fra Nautøy i Sunnhordland.

Etter utgraving på Spissøy i Sunnhordland.
|