HEIM
Graving og forsking
Kulturminnelova og freding
Tidstavle
Arkeologen i arbeid
- registrering og forundersøking
- utgraving
- teikning og fotografering
- konservering
- magasin
- arkiv
Arkeologiske forskingsmetodar
Etterarbeid
Dateringsmetodar
- stratigrafi
- typologi
- 14C - metoden
- strandlinedatering
Paleobotanikk
- pollenanalyse

- makrofossilar
- treartsbestemming
Beinmateriale
Forskingsformidling

Om prosjektet

 

Registrering og forundersøking

Vi skal sjå nærmare på den delen av arkeologen sitt arbeid som heng saman med utbygging av til dømes vegar, bruer, kraftlinjer, bygningar osb.

Det første arkeologen gjer når dei får melding om at nokon planlegg å byggje vegar, hus eller liknande, er å vurdere om det er rimeleg å forvente at ein kan gjere funn i området. Dersom det er det, startar dei arbeidet med ei registrering av det området som vert råka av utbygginga. Registrering i arkeologisk samanheng vil seie å granske om det finnst spor frå forhistorisk tid eller mellomalder der dei skal byggje.


Frå registrering i samband med bygginga av "Trekantsambandet" i Sunnhordland", og solding av jordmasser under registrering på Spissøy, Bømlo kommune.

Det gjer dei ved å leite i overflata eller å grave seg ned i bakken med spade på leit etter funn. Av og til trengst det gravemaskin for å fjerne stein eller tjukke lag med torv som har lege seg oppå dei gamle bustadene. All jorda (utanom torva) arkeologen grev opp, vaskar dei i vatn gjennom ei rist. Det kallast eit "sold". Då renn jorda bort, og nede i soldet ligg steinane att. Då er det lettare å finne gjenstandane frå gamal tid.

På ei slik registrering kan dei kanskje finne enden på eit hus, del av ein eldstad, spor etter kol, nokre flintbitar eller liknande. Dette er altsama teiken på at her kan ein vere på sporet etter ei busetting av noko slag. Då er det lurt å utvide granskinga litt før ein planlegg ei stor utgraving. Arkeologen opnar då eit litt større område og grev litt meir for å verte sikre på kva det er dei har funne. Ei slik utvida gransking vert kalla ei forundersøking.