Graving og forsking
Ein viktig del av arkeologen sitt arbeid går
ut på å grave fram nye spor etter det fortidige
mennesket og det fortidige samfunnet. Vi kan seie at
arkeologen grev fram små kunnskapsbitar
av fortida. Ein slik bit kan vere ei ny helleristningsfigur,
ein pilspiss, eit gravfunn, eit hus, ein ildstad og
slike ting. Alle desse "bitane" er funn som gir oss
kunnskap om forhistoria.
Men det einskilde funnet gir først meining når
det blir sett inn i større samanhengar. Det er
gjennom forskning at sammenhengar vert
avdekka. Dei arkeologiske musea sine samlingar er fulle
av "kunnskapsbitar" som kan takast opp att
på nytt for å revurdere dei etterkvart som
ny kunnskap vert avdekka. Slik er det at arkeologen
sitt arbeid ikkje berre består av avdekking av
nytt materiale, men like mykje av studiar av materiale
som finnast i magasina og utstillingar allereide.
Sett på denne måten er det lett å
forstå kor stor betydning kvart einskild funn
har og også kor stor betydning forskning har for
å forstå fortid vår. Vi skal her gå litt vidare inn og avdekkje nokre sider ved dette.

Frå utgravinga av Skipshelleren på Dale
i Vaksdal kommune.
|