Stratigrafi, eller læra om rekkjefølgja til
jordlaga
Arkeologen grev seg nedover i jordlaga frå overflata
under matjordlaget eller under torva og nedover mot
undergrunnen. Korleis veit dei så kva som er yngst
og eldst av det dei finn i desse jordlaga?
Eit bilete som kan illustrere dette er dei mange økten
med plenklipparen nokre har om våren. Graset som
vert raka saman vert kasta gjerne på same steden
kvar gong; kanskje i komposthaugen. Kvar gong du legg
på nytt gras, dekkjer du til det graset du kasta sist.
Det vert ein stor gresshaug til sist. Men det komposterer
og blir til jord dersom forholdene er gode. Dersom du
no ikke spar om komposten men lar han liggje i fred,
skal no det grasset som ligg i botnen av haugen vere
eldst. Det som ligger på toppen er yngst.
Når arkeologen grev frå toppen og heilt ned til
fjellet under, veit dei at dei jordlaga som ligger djupast
nede er eldst, og så vert dei yngre og yngre jo lengre
opp i laga de ligg. Dersom dei finn ein pilspiss i laget
aller lengst nede og eit keramikkskår i laget over,
veit dei at pilspissen er eldst og keramikken er yngre.
Dette kallar vi stratigrafi, som tyder "læra om rekkjefølgjen
til jordlaga".
Arkeologane bruker denne metoden til å finne ut kva
for eit funn som er eldst og kva for eit som er yngst.

Dersom vi no finn ein kolbit i kvart av
dei fire stratigrafiske laga vi ser her, vil vi kunne
sjekke den absolutte dateringen på laget ved hjelp
av 14C -metoden (karbon14-metoden).
La oss se på en annen relativ metode,
typologi. |