Kva er arkeologi?
Ikkje ta noko med deg!
Tidstavle.
Arkeologen i arbeid:
Registrering og forundersøking
Utgraving.
Teikning og fotografering.
Konservering.
Magasin.
Arkiv
Etterarbeid

Stratigrafi, eller rekkjefølgja til jordlaga.
Typologi, eller om likskap mellom gjenstandar.
14C - metoden.
Strandlinedatering.
Tapes-transgresjon.
Bergkunst.
Teknologi
Båten

Teknologi

Teknologi handlar om korleis menneska har brukt ulike metoder og kunnskap for å gjere råstoff om til reiskap eller lage reiskap ut av råstoffet.

All teknologi er skapt av menneske. Mennesket styrer teknologien, og mennesket tenkjer, føler og trur. Har du av og til følt at det er utruleg og meste magisk at noko verker. Tenk på mikrobølgeomnen: korleis i alle dagar kan maten koke inni der utan at plastikken smeltar? Korleis kan mobilen til mor og far finne fram til din mobil og ringe jamvel om de er så langt frå kvarandre?

I dag er det maskinar som lagar tinga våre. Før var det menneske som laga alt. Og folk undra seg nok over teknologien før også, -korleis kan flytande tinn og koppar bli til ein flott bronseøks? -korleis kan myrmalm bli til jern og smiast til dei flottaste sverd?

Teknologien endra seg i fortida også slik som han gjer no, men ikkje så raskt. Det å kjenne til utviklinga innan teknologien i forhistoria kan hjelpe arkeologen til å finne ut kor gamle funna er.

 

STEINALDER

I steinalderen brukte dei mellom anna stein som råstoff. Dei brukte flint, kvarts, kvartsitt, grønnstein, diabas, ryolitt. Dei brukte runde steinar, horn og bein til å slå med. Slik kunne dei forme steinen til dei reiskapane dei ville lage.

 

BRONSEALDER

I bronsealderen lærte dei seg noko heilt nytt. For fyrste gong kunne menneska lage metall, og nytte det som eit råstoff. Dei tok til å smelte tinn og kobbar saman slik at det vart danna ein flytande masse som kunne hellast i former. Når dette stivna, hadde dei fått ei øks, eit smykke eller ein barberkniv av bronse.

JERNALDER

I jernalderen skjedde ein revolusjon då menneska lærte seg å hente jernmalm i myrene. Dette gjorde dei om til solid jern. Så smidde dei reiskap og våpen, smykke og utstyr av det. I vår tid er framleis jern viktig.

.

 

MODERNE TID

I vår tid er framleis jern viktig. Men nye råstoff er komne til. Plast er ei av dei viktigaste nye stoffa me nyttar oss av. Visste du at ein del av plasten er laga av olje?