Kva er arkeologi? |
Stratigrafi, eller rekkjefølgja til jordlaga.Arkeologen grev seg nedover i jordlaga frå toppen og nedover mot botnen. Korleis veit dei kva som er yngst og eldst av det dei finn i desse jordlaga? Veit du at graset du klipper heime i hagen vert til jord dersom du legg det på søppelhaugen eller i komposten? Kvar gong du legg på nytt gras, dekkjer du til det graset du har kasta før. Det vert ein stor grashaug til sist. Det graset som ligg i botnen av haugen er eldst. Det som ligg på toppen er yngst. Når arkeologen grev frå toppen av torva og heilt ned til fjellet under, veit dei at dei jordlaga som ligg djupast nede er eldst, og så vert dei yngre og yngre jo lengre opp dei ligg. Dersom dei finn ein pilspiss i laget aller lengst nede og eit keramikkbrot i laget over, kva for ein ting av desse trur du er eldst? Sjå på dei andre funna i denne "profilen". Kan du finne ut kva tid funna er i frå? Dette kallar me stratigrafi, som tyder "læra om rekkjefølgja til jordlaga". Arkeologane bruker denne metoden til å finne ut kva for funn som er eldst og kva for funn som er yngst. |