Kva er arkeologi?
Ikkje ta noko med deg!
Tidstavle.
Arkeologen i arbeid:
Registrering og forundersøking
Utgraving.
Teikning og fotografering.
Konservering.
Magasin.
Arkiv
Etterarbeid

Stratigrafi, eller rekkjefølgja til jordlaga.
Typologi, eller om likskap mellom gjenstandar.
14C - metoden.
Strandlinedatering.
Tapes-transgresjon.
Bergkunst.
Teknologi
Båten

Tapes-transgresjon.

Midt i eldre steinalder, kring 6500 år f.Kr., skjedde det noko med strandlina. Kan du sjå det på kurven? Plutseleg stig kurven att etter at han har sokke jamt sidan 8000 før Kristus. Denne hendinga kallast Tapes-transgresjonen.

Arkeologane finn mange buplassar frå kring 6500 år før Kristus som ligg under tjukke lag av sand og stein. Steingjenstandane frå denne tida er også ofte slitne av havet. Flinten vert kvit og runda i kantane. Kva trur du skjedde?

Det som skjedde var at vatnet tok til å stige att fordi isbreane smelta fortare enn landet steig. Resultatet vart at landet vart overfløymd av havet att. Mange buplassar vart og overfløymde. Slik kan arkeologane vite at dersom dei finn buplassar som ligg om lag 10 - 15 meter over havet der gjenstandane er slitne av havet, då kan dei stamme frå tida kring 6500 år før Kristus då landet vart overfløymd av vatn.