Kva er arkeologi?
Ikkje ta noko med deg!
Tidstavle.
Arkeologen i arbeid:
Registrering og forundersøking
Utgraving.
Teikning og fotografering.
Konservering.
Magasin.
Arkiv
Etterarbeid

Stratigrafi, eller rekkjefølgja til jordlaga.
Typologi, eller om likskap mellom gjenstandar.
14C - metoden.
Strandlinedatering.
Tapes-transgresjon.
Bergkunst.
Teknologi
Båten

14C - metoden.

Berre ein kolbit er nok til å datere ein buplass frå steinalderen eller eit gammalt skjelett! Det har med radioaktiv stråling å gjere. Alt levande tek opp i seg karbon (C) gjennom mat og næring, både menneske, dyr og planter. Karbon er det vanlegaste stoffet i kroppen din. Det finst ulike typar karbon. Ein av dei er radioaktiv, og vert kalla 14C. Det avgir stråling, men slikt radioaktivt karbon er ikkje farleg.

Når eit tre vert felt eller eit menneske døyr, sluttar dei å ta opp 14C . Frå då av vil strålinga frå det radioaktive karbonet i kroppen eller treet minka etter som åra går. Me veit nøyaktig kor fort strålinga minkar. Ofte finn arkeologane brende kolbitar i gamle bål på steinaldersbuplassane. Dei kan brukast til slik måling. Det er då mogleg å rekne seg attende og finne ut kva tid treet vart hogge. Dette vert kalla 14C - metoden.