Kva er arkeologi? |
Utgraving.Når utgravinga skal byrje trengst det mange folk. Det er mykje arbeid som skal gjerast, og mykje av arbeidet tek lang tid. Ein brukar mange ulike reiskapar på ei utgraving; gravemaskin, motorsag, krafse, spade, trillebår, bytter, gravebakke, ausekar, murarskei, tannbørste, pinsett og mykje anna dei trur kan nyttast til å gjere det dei vil ha gjort. I tillegg til å grave, må dei sålde jorda, samle inn funna frå såldet, skrive posar til funna, teikne det de har greve fram og fotografera det. Telt til å gå i skjul når arkeologen skal skrive på posar eller fylle ut skjema. Utgraving på Stord. Her har to skulegutar kome på besøk og får sjå litt nærare på det arkeologane driv med. Såldeplassen på ei utgraving. Bytter med jord hellast i såldet. Så vaskast jorda rein med slange. Kvart funn leggjast i posar og merkast med kvar dei er funne. |