Kva er arkeologi? |
Bergkunst.Bergkunst er eit heilt spesielt kulturminne frå forhistorisk tid. Me finn bilder rissa, hoggen eller malt på berg eller på store steinar. Dei starta å lage slike bilde i eldre steinalder. På denne tida var det vanleg å lage bilde av ville dyr. Det var gjerne dyr som fanst i området og som dei kunne jaktet på. Me trur også at dei kan ha hatt eit spesielt forhold til desse dyra. I yngre steinalder og i bronsealder laga dei bilde av båtar, men dei starta også å lage bilde av ting som ikkje er så lette å sjå kva er. Kanskje var dette symbol eller teiken. På Unneset i Sunnfjord er det rissa inn ein figur som viser ei vogn med hjul, ein førar av vogna og to dyr som trekker vogna. Like framfor denne er det rissa inn ein båt. Desse ristningane er frå bronsealderen. Nokre ristninger er berre groper i berget. Det kan vere lange rekkjer med slike groper. Desse veit me ikkje alderen på, men ein del av dei trur me er frå steinalderen. Visste du at slike groper blei brukte for berre 100 år sidan?. I Hardanger veit me at folk la blåbær i gropene for å få hell i bærplukkinga. Har du sett slike bilde før? Kanskje dette er "bergkunst" frå vår tid? |