Kva er arkeologi? |
Registrering og forundersøkingDet første arkeologen gjer når dei får melding om at nokon planlegg å byggje vegar, hus eller liknande, er å registrere. Det vil seie å granske om det finnast spor frå forhistorisk tid der dei skal begynne å byggje. Det gjer dei ved å leite i overflata eller å grave seg ned i bakken med spade på leit etter funn. Av og til trengst det gravemaskin for å fjerne stein eller tjukke lag med torv som har lege seg oppå dei gamle bustadene.
All jorda arkeologen grev opp, vaskar dei i vatn gjennom ei rist. Det kallast eit "såld". Då renn jorda bort, og nede i såldet ligg steinane att. Då er det lettare å finne gjenstandane frå forhistorisk tid. Kanskje finn dei enden på eit hus eller kanskje det berre ser slik ut. Då er det lurt å granske litt nærare før ein planlegg ei stor utgraving. Arkeologen grev litt meir for å verte sikre på kva det er dei har funne. Ei slik lita utgraving kallar dei ei forundersøking. |