Kva er arkeologi?
Ikkje ta noko med deg!
Tidstavle.
Arkeologen i arbeid:
Registrering og forundersøking
Utgraving.
Teikning og fotografering.
Konservering.
Magasin.
Arkiv
Etterarbeid

Stratigrafi, eller rekkjefølgja til jordlaga.
Typologi, eller om likskap mellom gjenstandar.
14C - metoden.
Strandlinedatering.
Tapes-transgresjon.
Bergkunst.
Teknologi
Båten

Strandlinedatering.

Veit du at Noreg vert litt større for kvart år som går? Staden der du bur stig litt høgare opp frå havflata for kvart år. Det er ikkje mange millimetrane kvart år, berre om lag 1 millimeter.

Om me går attende til byrjinga av eldre steinalder 8 000 år før Kristus, veit me at på Sotra utanfor Bergen stod havet 25 meter høgare enn i dag. Årsaka var at isbreane hadde tyngd ned landet vårt. Då isen smelta vart landet fritt for tyngda slik at det steig. I byrjinga steig det raskt, etterkvart litt saktare.

Folk som budde langs kysten i eldre steinalder budde heilt nede i strandkanten. Dersom me finn ein buplass som ligg kring 25 meter over havet i dag, så veit me at buplassen kan ha vore i bruk tidleg i eldre steinalder. Men det er viktig å sjå på funna om dei også kan vere frå den tida.