Skipshelleren
Ein klassisk forhistorisk funnstad
Helleren før utgraving
Utgraving
Kva fortel så dette funnet?
-om utstyr og reiskap
-om levemåte
-om naturtilhøve
-datering
-menneska og bruken av helleren

-når på året budde dei i Skipshelleren?
Utfyllande litteratur
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

vaksdal

Skipshelleren ved Straume

-når på året budde det folk i Skipshelleren?

Det er mange spørsmål vi gjerne skulle hatt svar på når det gjeld Skipshelleren. Budde dei i helleren året rundt eller berre i fangstsesongane? Kvar drog dei når opphaldet var slutt, om dei drog? Kvar kom dei så frå menneska som heldt til i Skipshelleren? Var dei spesialistar på hjoretfangst eller var her kort og godt ufattelege mengder med hjort?

Vi veit når på året dei heldt til i helleren i steinalderen. Dette er kunnskap vi har fått på grunnlag av osteologen Haakon Olsen sine studier av beinmaterialet. Han har mellom anna funne ut at ein stor del av selbeina kjem frå så unge dyr at dei må vera fanga allereie i august månad det året dei vart fødde, men nokre også så seint som i november/desember. Bein av trekkfuglar i beinmaterialet peikar mot sommaropphald. Utviklinga av tennene hjå hjortekalvane tyder på fangst seint på sommaren og tidleg på hausten. Den store mengda av sei i høve til torsk i fiskebeinmaterialet peikar like eins mot opphald seint på sommaren og utover hausten. Til saman er det såleis mange observasjonar som tyder på opphald i Skipshelleren om sommaren og hausten, medan analyseresultata ikkje inneheld sikre vitnemål om vinteropphald. Skipshelleren har følgjeleg neppe vore bustad året rundt, men ein opphaldsstad i fangstsesongane.

Kvar heldt så menneska til resten av året? Det kan vi ikkje seia for visst på grunnlag av funnmaterialet, men kanskje kom dei frå ytterkysten om våren, slik Svein Indrelid hevdar når han tolkar bein av skarv, storskarv og toppskarv som restar av nistematen på ferda inn mot Bolstadfjorden.