Skipshelleren
Ein klassisk forhistorisk funnstad
Helleren før utgraving
Utgraving
Kva fortel så dette funnet?
-om utstyr og reiskap
-om levemåte
-om naturtilhøve
-datering
-menneska og bruken av helleren

-når på året budde dei i Skipshelleren?
Utfyllande litteratur
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

vaksdal

Skipshelleren ved Straume

Helleren før utgravingane

Før utgravingane tok til, var heile den nordaustlege delen av hellergolvet dekka av eit jord-, sand- og steinlag som viste seg å innehalda all slags avfall etter menneska som ein gong budde her.

Dei hadde altså kasta det meste av etterlatenskapane sine rett ned på golvet der dei arbeidde, åt og sov. Denne aktiviteten resulterte etter kvart i at det danna seg ein avfallsdunge inne i helleren, og golvflata menneska oppheldt seg på, tok gradvis til å stiga. På denne måten vart avfallet etter dei første brukarane liggjande att nede i dungen, medan avfallet etter dei nye generasjonane etter kvart vart liggjande over.