Skipshelleren
Ein klassisk forhistorisk funnstad
Helleren før utgraving
Utgraving
Kva fortel så dette funnet?
-om utstyr og reiskap
-om levemåte
-om naturtilhøve
-datering
-menneska og bruken av helleren

-når på året budde dei i Skipshelleren?
Utfyllande litteratur
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

vaksdal

Skipshelleren ved Straume

-om naturtilhøva

Villsvinbeina vart alle funne i dei fire nedste laga i avfallsdungen, noko som fortel at den gong desse laga vart danna, må verlaget ha vore varmare og voksterlivet frodigare enn i våre dagar.

Eikeblandingsskogen har nok stått tett langs fjorden den gong villsvinet farta her. Treanalyser av kolbitar i funnet syner det same. Under utgravingane vart det på hellerbotnen, rett i underkant av avfallsdungen, funne fin fjøresand. Denne sanden er truleg vaska opp i helleren av sjøen og er følgjeleg eit vitnemål om at sjøen stod berre litt lågare enn hellergolvet. Vi må såleis tenkja oss eit landskap kring helleren der sjøen stod nærpå 20 meter høgare enn i dag, dvs. over brua som no kryssar Bolstadstraumen. Helleren låg med andre ord tett ved det tronge innlaupet til ein lang fjordarm, der friskt, strøymande sjøvatn to gonger i døgeret gav grunnlag for eit rikt fiske- og dyreliv.