Skipshelleren
Ein klassisk forhistorisk funnstad
Helleren før utgraving
Utgraving
Kva fortel så dette funnet?
-om utstyr og reiskap
-om levemåte
-om naturtilhøve
-datering
-menneska og bruken av helleren

-når på året budde dei i Skipshelleren?
Utfyllande litteratur
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

vaksdal

Skipshelleren ved Straume

-om levemåten

Reiskapane viser, som vi alt har sett, at fangst og fiske må ha spela ei vesentleg rolle når det galdt å skaffa mat. Jakt har ut frå reiskapane vore av mindre omfang. Det vart funne den uvanlege mengda av nær 176.000 bein og beinfragment. Beinmaterialet frå avfallsdungen, gjev oss eit langt meir nyansert bilete. Av alle dei artsbestemte beina stammar om lag 1 % frå fugl, 14 % frå fisk og 85 % frå pattedyr. Berre godt 200 fuglebein kan artsbestemmast, men desse få beina representerer likevel ikkje mindre enn 48 fuglearter. Storfugl, orrfugl, rype og ender er dei talrikaste.

Teikning som syner korleis harpunspissen med fangline kan ha vore montert på harpunskaftet. Når harpunen gjekk inn i byttedyret, selen eller kvalen, fall harpunskaftet av og jegeren heldt byttedyret ved hjelp av fanglina.

Om lag 10.500 artsbestemte fiskebein syner at menneska i SkipsheIleren har fiska 22 ulike arter, men dei seks første utgjer hovudmengda: sei, torsk, lyr, lange, laks/sjøaure, hyse, brosme, pigghå, makrell, lysing, makrellstørje, raudspette, blåstål, skrubbe, blålange, kviting, paddetorsk, skolest, kveite, glasvar, ål og gråsteinbit.

Pattedyra har likevel vore den langt viktigaste matkjelda, noko vi ikkje kunne tolka oss fram til ut frå det låge talet med pilespissar. Det må difor ha vore nytta fangstmetodar vi ikkje finn vitnemål om, t.d. dyregraver og styrtfangst (jaga dyr utfor stup).

To tredeler av dei artsbestemte pattedyrbeina stammar nemleg frå hjort. Vidare er fjordselen representert med ein tidel og villsvinet med ein tjuandedel av pattedyrmaterialet. Deretter følgjer bjørn, oter, elg og mår. Både bjørnen og elgen høyrde nok heime på matsetelen. Oter og mår representerer derimot dei to viktigaste pelsdyra det vart jakta på. Blant dei ti siste pattedyrartene som det er funne bein av i helleren, dominerer også pelsdyra. Desse ti er nemleg: hare, ekorn, bever, ulv, gaupe, kvitskjeving (ein liten kval), rein, røyskatt, rev og snømus. Hjort, fjordsel og villsvin har såleis klart vore det viktigaste matviltet, men fisk har også hatt ein framskoten plass, då det er all grunn til å rekna med at fiskebeina som arkeologane fann, berre representerer ein liten del av det som verkeleg hamna i avfallsdungen. Strandsnegl og skjel spela like eins ei viktig rolle i kosthaldet til sine tider. I dei fire øvste laga i avfallsdungen vart det dessutan funne ein god del husdyrbein. Først og fremst er det tale om bein av sau/geit, men også av storfe og gris. Mot toppen i avfallsdungen vart det også funne bein av hest. Bein av hund vart det derimot funne i alle laga.