Skipshelleren ved Straume
Ein klassisk forhistorisk funnstad
av Arthur Fasteland
I 1929 kom det brev til Bergens Museum frå to av grunneigarane på garden
Straume i Vaksdal om at det var funne kolrestar, bein og skjel under ein
heller. Saman med det eine brevet kom det også ei kasse med bein, skjel
og jord frå helleren. Funnet verka svært interessante og Bergens Museum
sette i gang prøvegravingar allereie sommaren 1930. Året etter vart undersøkingane
utvida og seinare professor Johannes Bøe, som stod for arbeidet, hadde
dette året med seg fem studentar som medhjelparar. Helleren er i dag ein
av dei klassiske arkeologiske funnstadene i landet vårt. Namnet skal ha
samanheng med at helleren i tidlegare tider vart nytta som opplagsstad
for båtar om vinteren. Skipshelleren ligg på sørsida av den stride tidvatnstraumen
Øvre Bolstadstraumen, som bind saman dei to fjordarmane Bolstadfjorden
og Vikafjorden.

Skipshelleren. Foto: Helge Sunde.
Skipshelleren er så store at han slett ikkje ser ut som ein heller, i
alle høve ikkje på avstand. Først når ein står inne i helleren, merkar
ein det tørre hellergolvet som på det meste strekker seg heile 15 m frå
bakveggen og ut til dråpefallet. Helleren er omlag 30 m lang. Hellertaket,
som skyt fram frå den loddrette hellerveggen 20-30 m høgare oppe, får
ein først auge på når ein legg hovudet bak på nakken.
|