Skipshelleren
Ein klassisk forhistorisk funnstad
Helleren før utgraving
Utgraving
Kva fortel så dette funnet?
-om utstyr og reiskap
-om levemåte
-om naturtilhøve
-datering
-menneska og bruken av helleren

-når på året budde dei i Skipshelleren?
Utfyllande litteratur
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

vaksdal

Skipshelleren ved Straume

Det ligg ein fantastisk heller på Straume i Vaksdal kommune. Helleren vert kalla Skipshelleren og er i dag ein av dei klassiske arkeologiske funnstadene i landet vårt. Teksten og utvalet av illustrasjonar til denne presentasjonen er laga av forskar Arthur Fasteland ved Bergen Museum.

Namnet "Skipshelleren" skal ha samanheng med at helleren i tidlegare tider vart nytta som opplagsstad for båtar om vinteren.

Helleren ligg på sørsida av den stride tidevas-straumen Øvre Bolstadstraumen, som bind saman dei to fjordarmane Bolstadfjorden og Vikafjorden.

Skipshelleren. Foto: Helge Sunde.