Skipshelleren ved Straume
-om utstyr og reiskap
Menneska som budde i Skipshelleren, må etter alt å døma ha laga få reiskapar
av flint og andre steinslag. Horn og bein har klart vore deira viktigaste
reiskapsmateriale.
18 harpun- og lysterspissar, om lag 120 store og små fiskekrokar og fire
garnnåler dominerer funnmaterialet og vitnar om at fangst og fiske må
ha spela ei vesentleg rolle. Nokre pilespissar av flint, kvarts og skifer
saman med nokre beinpiler fortel likevel om ei viss jakt på landdyr og
kanskje fuglar. Prenane, steinaldermenneska sin syl, er vitnemål om at
skinn vart gjennomhola og knytte saman til klede og vel og til skinnbåtar.
Reiskapar av metall har derimot vore nær ukjende. Berre i det aller øvste
laget vart det funne ein einsleg pilespiss av jern og nokre klinknaglar.
Tre har rimeleg sikkert og vore nytta til reiskapsmateriale, men då det
har rotna bort, har vi ikkje vitnemål lenger.

|