Skipshelleren
Ein klassisk forhistorisk funnstad
Helleren før utgraving
Utgraving
Kva fortel så dette funnet?
-om utstyr og reiskap
-om levemåte
-om naturtilhøve
-datering
-menneska og bruken av helleren

-når på året budde dei i Skipshelleren?
Utfyllande litteratur
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

vaksdal

Skipshelleren ved Straume

-menneska og bruken av helleren

Nokre born fann i 1955 skjelettrestar frå menneske heilt i utkanten av avfallsdungen i Skipshelleren i eit område der det ikkje var føreteke faglege utgravingar. Beina vart funne saman under ein stein og her var restar av eit kranium, eit kjevebein og fleire ribbebein.

Seinare undersøkingar har vist at beina stammar frå eit 5-8 år gamalt barn. 14C-datering av beina tyder på at dette barnet levde i siste delen av yngre steinalder, dvs. for godt 4000 år sidan. Funnet er mest rimeleg å tolka som ei gravlegging i avfallsdungen, slik vi også kjenner det frå andre hellerfunn.