Skipshelleren ved Straume
Utgravingane
Då utgravingane tok til, støytte arkeologane først på leivningane etter
dei som sist hadde halde til her. Under grastorva var det mørk jord blanda
med kol. Her vart funne store mengder dyrebein saman med reiskapar som
ein pilespiss av jern, to pilespissar av bein og ein fiskekrok av bein.
Spikrar og eit bryne har nok hamna her i nyare tid.
Under dette øvre laget, kalla lag 1, følgde eit lag med mykje småfallen
stein, der det og vart funne dyrebein og eit par keramikkbitar.
Neste laget ein kom ned på, lag 3, var derimot nærpå steinfritt. Her
vart funne ulike reiskapar av bein, mellom anna fiskekrokar. Dyrebein
var det helst lite av.

Funna du ser innteikna er:
a. Øks av grønstein. b. Pilespissar av bein. c. Pilespissar av flint,
kvarts og skifer. d. Pilespiss av jern. e. Fiskekrokar av bein. f. Harpunar
og lysterspissar av bein. g. Beinspissar med mothake. h. Keramikkbitar.
i. Fiskesøkke av kleberstein. k. Smykke eller kniv av svinetann. l. Skinnskraper
av flint.
Årstala til venstre viser kor langt tilbake i tid dei ulike laga går.
Tidfestinga er basert på 14C-dateringar av bein, men her er alderen omrekna
til vanlege kalenderår.
Vidare ned kom arkeologane på eit fjerde lag. Dette laget var lysegrått
og nær på eit samanhengande skjel-lag, samansett av knuste skal av skjel
og strandsneglar, blanda med dyrebein og jord. I dette laget vart det
dessutan funne mange beinreiskapar, mellom anna harpun- og lysterspissar,
pilespissar og fiskekrokar, av flint, kvarts og skifer vart her funne
ein kniv, økser og pilespissar.
Under skjel-laget kom det fram eit femte lag, mørkt på farge og samansett
av stein og sand. Her vart funne litt dyrebein, men berre få beinreiskapar.
Nedst i avfallsdungen låg eit nytt skjel-lag, lag 6, med liknande samansetjing
som lag 4. Dette laget låg stort sett rett på hellerbotnen og markerte
såleis slutten på avfallsdungen. I tillegg til skal av skjel og strandsnegl
og dyrebein vart her funne ei mengd beinreiskapar, t. d. harpun- og lysterspissar,
pilespissar, fiskekrokar, garnnåler, prenar og slagstokkar.
Enkelte stader i avfallsdungen kom det fram endå eit lag under skjel-laget
før ein nådde hellerbotnen. Dette sjuende laget var heilt fritt for skjel
og strandsnegl, men elles var bein- og reiskapsfunna av same slag som
i lag 6. Avfallsdungen var, sjølv etter å ha lege samanpressa i fleire
tusen år, på det meste 1,7 m djup.
Snitt gjennom avfallsdungen som syner lagdelinga 1-7 saman med teikningar
av dei dominerande reiskapsformene i kvart lag.
|