Skipshelleren
Ein klassisk forhistorisk funnstad
Helleren før utgraving
Utgraving
Kva fortel så dette funnet?
-om utstyr og reiskap
-om levemåte
-om naturtilhøve
-datering
-menneska og bruken av helleren

-når på året budde dei i Skipshelleren?
Utfyllande litteratur
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

vaksdal

Skipshelleren ved Straume

-datering

Reiskapsformene og beinmaterialet i dei nedste laga i avfallsdungen, samanhalde med naturtilhøva i det aktuelle tidsrommet, gav arkeologane tidleg kunnskap om at Skipshelleren vart busett langt attende i steinalderen.

Ved hjelp av 14C-dateringar, der ein måler alderen på eit radioaktivt kolstoff som finst i alt organisk materiale, har ein i ettertid fått fastsett alderen på bein frå ulike lag i helleren i det som vert kalla 14C-år. Dersom ein reknar om desse dateringane til vanlege kalenderår, syner det seg at menneska tok til å opphalda seg i helleren om lag 5200 år f.Kr., dvs. i siste delen av eldre steinalder. Frå då av har helleren vore i bruk i yngre steinalder, i bronsealder og i eldre jernalder, med andre ord fram til kring 500 år e.Kr. Busetjinga har rett nok ikkje vore samanhangande og like omfattande heile tida. Lag 6 og lag 4 vitnar om sterk utnytting i både eldre og yngre steinalder, men med eit avbrot imellom då det nesten funntomme lag 5 vart avsett. Lag 3 og dels lag 2 vitnar om at helleren var tidvis i bruk i bronsealder, medan øvre del av lag 2 og lag 1 fortel om sterkare utnytting att i eldre jernalder.

Fangst av fisk med lysterspiss. På teikningen er det montert berre ein spiss på skaftet, og vi seier at guten brukar eit fiskespyd. Dersom fleire lysterspissar er sett inn i eitt skaft, kallar vi reiskapen ein lystergaffel.