Råstoff, reiskap, våpen og smykke
Bronselur
Utanfor Stavanger og på Hadeland er det funne nokre store blåseinstrument
av bronse. Desse vert kalla lurar.

For deg som speler i musikkorps kan eg fortelje at dei vart spelt på
same måten som messingblåseinstrument i dag.
Lurane vart funne to og to saman. Arkeologane trur at dei var brukte
ved heilt spesielle høve slik som gravferd, bryllaupsfest, ofring eller
noko slikt.
|