Råstoff, reiskap, våpen og smykke
Store smykke i beltet
Kvinnene i bronsealder hadde nokre fantastiske belte. Framme i beltet
bar dei ei stor rund plate av bronse med ein spiss tupp som stod ut. Heile
den runde plata hadde mønster på seg.
 
Bak hadde dei ein flat rund boks av bronse. Den hadde òg flotte mønster.
Boksen kunne opnast, og det var plass til små gjenstandar inni. Kva dei
hadde her veit me ikkje. Kanskje var det eit skrin for små løyndomar?
|