Råstoff, reiskap, våpen og smykke
Rakekniv og pinsett
Rakekniven var barbermaskinen til bronsealdersfolka. Den vart nytta til
å barbere hår og skjegg. Pinsettar vart nytta til å nappe ut hårstråa.

Arkeologane trur at hår alltid har hatt helt spesiell tyding for folk.
Det kan me sjå i dag, og det kan me sjå i materialet frå forhistoria og.
Dei finn ofte utstyr til håret i graver både frå bronsealder og jernalder.
Det er gjerne rakekniv og pinsett i bronsealderen og kammar og hårnåler
i jernalderen. Frå gravfunn veit me at kvinnene i desse periodane ofte
hadde flott oppsett hår.
Det var nok ikkje vanleg med langt, uflidd hår i nokon del av forhistoria.
Arkeologane trur til dømes at mennene i bronsealderen barberte alt skjegget
bort.
|