Råstoff, reiskap, våpen og smykke
Dolk
Dolkar vart både laga av flint og støypt i bronse på denne tida. Bronsedolkane
var pynta med mønster, og vart nytta som kniv slik som me nyttar knivar
i dag.

På flintdolken til venstre kan du sjå at flintsmeden har kopiert støypekanten
som finst på gjenstandar av bronse. Flintdolken kjem frå Nordhordland
og bronsedolken kjem frå Huglo i Stord kommune i Sunnhordland.
Ein bronsedolk som er funne på Eggesbø i Herøy på Sunnmøre hadde skaft
av geitehorn.
|