Råstoff
- bronsen
- om smelting og støyping
- bergartar er framleis i bruk

Reiskap
- øks
Våpen
- bronsesverd
- seremoniøkser
- spyd
- dolk

Smykke

- halsringar

- store smykke i beltet
- armringar
- brillespenne

Anna utstyr
- rakekniv og pinsett

- bronselur
- øksar av porfyr

Sjå teknologi

Oppgåver

Råstoff, reiskap, våpen og smykke

Bronsesverd

I bronsealder vert det no for fyrste gong laga og brukt sverd her i landet. Arkeologane veit ikkje sikkert om alle vart brukte som våpen. Kanskje var nokre meir "skryteting" enn bruksting. Hadde ikkje du likt å barske deg med sverd i beltet når du visste at ingen andre hadde noko liknande?

På Blindheim i Borgund på Sunnmøre er det funne eit bronsesverd. Det er ein type sverd som vert kalla kortsverd. Det var rissa inn fine mønster på sverdet. Sverdet vart laga i Ungarn.