Råstoff, reiskap, våpen og smykke
Halsringar
Nokre av funna er fantastisk store og flotte.

Halsringen frå Støle i Etne i Hordaland er vel den vakraste av
dei alle. Den personen som eigde denne, eigde ein rikdom som var heilt
uvanleg stor. Dei bar halsringen slik at spiralane vende oppover i nakken
(B9097).
Halsringen vart funnen i utkanten av den store grusterrassen kalla Støle-Sørheim-Austrheimterrassen.
Før krigen holdt dei på å grave ei grøft langs foten av fjellet
like nord for garden Støle. Då fann dei ringen under arbeidet.
Ringen hadde vorte lagt oppe på kanten av ein stor stein i bronsealderen
slik at han var fullt synleg då. Etterkvart som åra gikk hadde
torva vokse på over ringen og skjult han.
|