Råstoff, reiskap, våpen og smykke
Om smelting og støyping
Akkurat som når du skal bake kake, må du bruke ei form for å lage reiskap
eller smykke av bronse. Formene er laga av kleberstein. Det er ein mjuk
stein som kan skjerast med kniv. Dei laga to like former der den eine
var oversida og den andre var undersida av til dømes øksa. Dei to delane
vert bundne hardt saman.
Kopar og tinn vert varma opp og vert då til flytande og glovarm bronse.
Den flytande bronsen vert så tømt i formene gjennom eit hol i toppen.
Forma blir så sett til kjøling for at bronsen skal stivne.
Det vil alltid verte ei lita glipe mellom dei to delane av formene. Der
kjem det ei lita stripe som vert kalla ein støypekant.
Så er det berre å opne formene. Kanskje trengst det litt pynting på gjenstanden,
men elles var han no ferdig.

|