Råstoff, reiskap, våpen og smykke.
Våpen i eldre steinalder
I eldre steinalder trengte dei ikkje spesielle våpen til krig eller kamp
mellom menneske. Men dei trengte våpen eller reiskap til jakt og fangst.

Stundom kunne det vel hende dei ikkje var heilt samd med naboen heller.
Eller kanskje kom der framandfolk som ikkje hadde godt i sinne. Då kunne
nok øksa, spydet eller pilene vere gode å ha.
Andre stader i Europa er det funne skjelett frå eldre steinalder som
har store skader som andre menneske må ha gitt dei. Enkelte har døydd
av skadene medan andre har levd vidare med dei store skadene. Slike funn
har me enno ikkje frå Vestlandet.
|