Råstoff, reiskap, våpen og smykke.
Spissar
Pilspissar nytta folk då dei jakta. I eldre steinalder vart dei laga
av lange bitar av flint eller anna høveleg råstoff.
Pilspissane var forbruksvare. Bomma jegerane på viltet og i staden råka
stein, vert spissen knust. Råka dei ein hjort, så stoppa ikkje pilen før
den møtte bein, og då vart han og knust.

Pilspissar laga folk i eldre steinalder raskt. Det var sjølve pilskaftet
av tre som var det kostesame og vanskelege å få skikkeleg til. Det var
den som avgjorde om pilen gjekk rett i lufta. Var pilskaftet for tungt,
skaut dei for kort. Var det skeivt, vingla pila og dei kunne missa bytet.
Bogen var lang og kraftig. Men korkje bogen eller skaftet til pilane finn
me att i dag. Me veit ikkje sikkert om dei hadde pilkogger. Kva trur du
?
|