![]() |
|||
Råstoff, reiskap, våpen og smykke.Våpen i eldre steinalderI eldre steinalder trengte dei ikkje spesielle våpen til krig eller kamp mellom menneske. Men dei trengte våpen eller reiskap til jakt og fangst. Stundom kunne det vel hende dei ikkje var heilt samd med naboen heller. Eller kanskje kom der framandfolk som ikkje hadde godt i sinne. Då kunne nok øksa, spydet eller pilene vere gode å ha. Andre stader i Europa er det funne skjelett frå eldre steinalder som har store skader som andre menneske må ha gitt dei. Enkelte har døydd av skadene medan andre har levd vidare med dei store skadene. Slike funn har me enno ikkje frå Vestlandet.
|