Råstoff
- flint
- kvartsbergarter
- kalsedon
- jaspis
- grønstein
- Hespriholmen
- diabas
- Stakaneset

Reiskap

- spissar
- flinteggspyd
- økser
- knivar
- skraparar
- køller
- fiskesøkke

Organisk materiale
Våpen

Smykke

Anna utstyr

Sjå teknologi

Oppgåver

Råstoff, reiskap, våpen og smykke.

Flint

Flint er mest vanleg i eldre steinalder. Reiskapar laga av flint vert svært skarpe. Dei vert også sterke slik dei kan brukast fleire gonger.

Flint finst ikkje naturleg i Noreg, men det er framleis mogleg å finne strandflint her. Strandflinten har ei litt underleg historie: Under istida var heile den nordlege halvkula dekt av is, også Danmark. Mot slutten av istida drog isen seg attende nordover mot vårt land. Isen trekte seg attende over Danmark, og store og små klumpar med flint fraus fast under han. Då isen nådde våre strender vart han brote opp i bitar, og steinane på undersida ramla av og vart liggjande att.

Folket i eldre steinalder nytta seg av strandflinten. Sjølv om det framleis er att noko strandflint er det ikkje mykje samanlikna med det som eingong var. Og forresten trur eg dei tok dei beste bitane sjølv. Ta deg ein tur ned på stranda og sjå sjølv. Det er heilt sikkert at der ligg mange bitar. Finn du dei?