Råstoff, reiskap, våpen og smykke.
Køller
Arkeologar finn stundom nokre heilt spesielle øksar eller klubber! Dei
kan vere korsforma, runde eller forma som stjerner. Det ligg mykje arbeid
bak ein slik kølle eller klubbe. Svært mange av dei er dekorerte med fine
mønster. Slike køller kan ha vore nytta som vektlodd på gravestokkar.
Gravestokkar vart nytta til å grava fram røter og knollar med. Nokre meiner
og at køllene har vore eit teikn som har synt for andre at her var det
ein mann eller kvinne som må ha vore litt framom dei andre på eit eller
anna vis.
|