Råstoff, reiskap, våpen og smykke.
Hespriholmen
Hespriholmen er ein holme ute i havet nord for Espevær i Bømlo kommune.
Her ligg framleis restane etter eit stor grønsteinsbrot som var nytta
av steinalderfolka så langt attende som kring 7300 før Kristus. Brotet
blei nytta i rundt 5500 år, heilt fram til kring 1800 år før Kristus.
Steinalderfolka drog ut dit i små båtar og kanoar. Mengdene som er tekne
ut er store, og kor mange tusen øksar som vart laga av stein frå Hespriholmen
veit me ikkje, men få var det ikkje!

|