Likskap og klokskap
Byttehandel
Levealder
Korleis såg dei ut?
Kvifor kom folk til Noreg?
Nordsjølandet
Tsunami
Båten
Hunden
Oppgåver

Menneske og samfunn

Hunden

Veit du kven som kallast mennesket sin beste ven? Ja, sjølvsagt er det hunden. Og det har han vore lenge. Hunden er det dyret som menneska fyrst temde. Forfedrene til hunden var ville ulvar som vart temja av folka som budde i Midt-Austen. Me har funne spor etter hund attende til nærare 12000 år før Kristus. Truleg har hunden vore tam lengre enn det også. Nokre trur at menneske har halde hund så lenge som 20000 år før Kristus.

Hundane i eldre steinalder var store, kraftige jakthundar. I Danmark er det funne hundegraver på samme plassen som menneska er gravlagde på denne tida.

I yngre steinalder finn me ein mindre type spisshund som var ein typisk gjeterhund. Det var jo og på denne tida at ein starta med husdyrhald. Då trengte dei ein hund som kunne vakte husdyra sine.

Dei fleste spora arkeologane finn av hund stammer frå jernalder. Då fanst det mange ulike typar hundar. Det fanst ein stor kamphund som krigaren brukte, høge slanke myndehundar som vart nytta til jakt, og så fanst det og nokre små skjødehundar som me finn særleg i vikingtida.