Likskap og klokskap
Byttehandel
Levealder
Korleis såg dei ut?
Kvifor kom folk til Noreg?
Nordsjølandet
Tsunami
Båten
Hunden
Oppgåver

Menneske og samfunn

Båten

I steinalder hadde dei båtar av tre eller skinn. Nokre av båtane var laga av uthola trestammer. Nokre hadde eit skjelett av tre og trekt med skinn utanpå. Andre igjen var samanbotte stokkar som såg ut som ein flåte. Alle desse båtane vart rodde med årer.

Båten har alltid vore viktig her på Vestlandet. Langsmed kysten vår er det mange øyer og nes som det er vanskeleg eller umogleg å kome til om du skal gå. Med ein båt sparer du mykje tid og kan nå fram til plasser som elles ikkje er tilgjengeleg for deg.