Menneske og samfunn
Nordsjølandet
Omlag 9 til 10 000 år før Kristus byrja den store iskappa som dekte heile
Europa å smelte. Då dukka det opp eit stort landområde nord for Danmark
og Tyskland. Det var Nordsjølandet, som no er botnen av Nordsjøen.
Før all isen smelta bort, kunne ein nesten gå til fots frå Danmark til
Noreg. Heilt tørrskodd kom ein seg ikkje fram om sommaren, for Norskerenna
låg der som ei djup, brei havrenne. Denne renna fraus til om vinteren.
Då var det mogleg for folk og dyr å kome seg over.
Det er berre 18 meter djupt i dag der ute i Nordsjøen. Derfor får fiskarar
ofte forhistoriske funn i trålposen. Det vesle me veit om Nordsjølandet,
kjem frå reiskapar som har kome opp frå havbotnen med trålposar og frå
borekjerner frå oljeplattformene. Me veit at det ligg buplassar der ute
i havet. Men om dei vert utgravne nokon gong, det er ei anna sak.

|