Likskap og klokskap
Byttehandel
Levealder
Korleis såg dei ut?
Kvifor kom folk til Noreg?
Nordsjølandet
Tsunami
Båten
Hunden
Oppgåver

Menneske og samfunn

Tsunami

Her kan du lese meir!

Ein historie frå eldre steinalder:
Tenk deg korleis det ville vere om ein naturkatastrofe skulle kome til å ramme deg eller dine! Tenk deg at alt du eig og har kjem vekk i ei einaste bølgje. Tenk å vere avhengig av å fiske, og at alt fiskeutstyret forsvinn i havet. Av huset ditt står ikkje att anna enn eit svakt avtrykk som viser omrisset av veggene. Det var nett det som skjedde ein gong i eldre steinalder, om lag 6000 år før Kristus.

Kva dag det var veit me ikkje, men me veit at det var om hausten. Kanskje det var ein varm dag, ein dag som anda ro og fred. Det var varmt, sola skein og ein vind leika seg i trekronene.

Tenk deg at du ligg og latar deg på eit svaberg og ser ut over det blikkstille havet. Berre nokre krusingar etter ein kano bryt den einsformige flata.

Plutseleg forsvinn havet lenger og lenger utover i horisonten! Det trekkjer seg berre lenger og lenger vekk! Folk står på stranda og ser forvirra ut over den steinete sjøbotnen der det mellom tang og tare sprellar ein og annan fisk. Etter å ha tenkt seg om vågar dei modigaste seg ut på det som no er tørt land. Dei vil ha fisken som ligg så freistande rett framføre nasen deira. Andre følgjer etter, og snart er det fullt av folk som forundra freistar å få fotfeste mellom tang og tare. Dei ser på det nye og ukjende landet som har dukka opp så uventa.

Om havet trekte seg langsomt attende, så skjer det neste litt raskare. Ei kjempestor flodbølge kjem langs havbotnen. Når bølgja kjem inn på grunnare vatn, slår ho innover den tørrlagde havbotnen og tek med seg alle dei som strevar med å fange sprellande fisk. Ikkje berre havbotnen blir igjen dekt av sjø, men bølgja slår oppover land og flerrar opp telt og hus, vaskar vekk alt som folk møysommeleg har bygd opp og laga seg for å overleve.