Menneske og samfunn
Levealder
Samanlikna med vår tid må vi nok seie at folk i fortida levde korte liv.
Mange sjukdomar og skader som vi i dag vert friske av var døydelege før.
Det var mange kvinner som døyde medan dei fødte born. Svært mange
speborn vaks aldri opp. Naturen sjølv byr også på farer; bratte
stup, storm og lyn, ville dyr. Ja, også mørkret og kulda kan være farleg
om du ikkje er førebudd.
Dersom folk i eldre steinalder ikkje vart ramma av døydelege sjukdomar
eller skader, kunne dei nok bli både 50 og 60 år, men det vanlege var
nok likevel at de ikkje vart eldre enn 31.5 år i gjennomsnitt.

Dersom folket i yngre steinalder ikkje vart ramma av dødeleg sjukdom
eller skader, vart dei ikkje eldre enn omkring 38.2 år.
Det er gjort granskingar einskilde plasser som syner at kvinner hadde
kortare levetid enn menn i bronsealder. Men truleg låg gjennomsnittleg
levealder på 38.0 år på den tida.
I Noreg syner granskingar av skjelett frå jernalderen at menn
i gjennomsnitt vart 38 år gamle medan kvinner vart 35 år gamle. Det gjev
eit gjennomsnitt på 36,5 år.
Granskingar av skjelett fra vikingtida i Danmark syner at menn vart 39
år gamle og kvinner vart 41 år gamle. Det gjev eit gjennomsnitt på
40 år.
I mellomalderen fekk vi dei store pestane innover Vestlandet. Då døydde
mange menneske. Frå England veit vi at før pestane kom, var levealderen
kring 48 år medan etterpå hadde levealderen gått ned til 38 år.
|