Likskap og klokskap
Byttehandel
Levealder
Korleis såg dei ut?
Kvifor kom folk til Noreg?
Nordsjølandet
Tsunami
Båten
Hunden
Oppgåver

Menneske og samfunn

Korleis såg dei ut?

Du skal ikkje tru at folk i eldre steinalder var så mykje annleis enn oss. Hadde me teke ein mann frå denne tida og kledd han i moderne klede, ville me ikkje tenkt på at han var frå ei anna tid! Du hadde gått forbi han på gata og ikkje tenkt meir over kva dette var for ein kar. Han kunne sett ut som kven som helst.

Dei var litt mindre enn oss. Vaksne menn var om lag 170 cm høge, og kvinnene 150 cm. Folka hadde kraftige og robuste trekk, kroppsbygnaden var kraftigare enn no.