RAPPORT FRÅ EI UTGRAVING:

Bakgrunn for granskinga

Tidlegare granskingar og funn
Litt om landskapet funna ligg i
Granskinga sommaren 1999
- metode - litt om tekniske ting
- lagdelinga
- 14862 funn
- tolkingar

- - eldre steinalder

- - yngre steinalder

- - bronsealder/jernalder

- litt om funntilhøva

Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

austevoll

Dei nye funna på Haugland

-litt om funntilhøva

På lok. 4 på Haugland i Austevoll fann arkeologane stor variasjon både i typar av funn og råstoff som vart nytta. Det vart nytta både flint, kvartsitt, mylonitt, ryolitt, skifer og grønstein på denne buplassen.

Det vart funna mange avslag; over 14000 bitar. Avslag er restane eller avfallet som vert danna når ein lagar steinreiskapar.

Men ein finn også ei rekke ulike ferdige reiskapar frå fleire periodar av forhistoria. Nokre av reiskapane som vart funne, var svært flotte eksemplarar slik som dei praktfulle fiskesøkka, dei tverregga pilspissane og keramikkmaterialet. Dei vakre perlene av kleberstein er også uvanlege.

Mykje tyder på at det har vore stor aktivitet på denne buplassen opp igjennom forhistoria. Det har gjort at det er vanskeleg å skille ut eigne lag som er frå den einskilde perioden slik som du kan sjå her.

Dette kan eksempelvis sjåast ved at små fiskesøkke i kleber, som stammar frå seinmesolitisk tid, vart funne i same lag som pilspissar av skifer og med A-piler som er frå neolitisk tid. Dei mesolitiske funna førekjem også saman med naglar av jern frå jernalderen. Skår av spannforma leirkar som stammer frå folkevandringstida, er også funne i same lag som flekker, kjerner, keramikk og pilespissar frå steinalderen.

Dette tyder på at buplassen har hatt besøk av folk mange gonger opp igjennom tidene, og at det då har skjedd mange ting slik som husbygging og anna graving som ein ikkje kan finne klåre spor etter i ettertid. Det er også mogleg at ein har drive med noko dyrking her ute som gjer at ein har spadd opp jorda fleire gonger. Slik kan funna ha blanda seg i saman.