RAPPORT FRÅ EI UTGRAVING:

Bakgrunn for granskinga

Tidlegare granskingar og funn
Litt om landskapet funna ligg i
Granskinga sommaren 1999
- metode - litt om tekniske ting
- lagdelinga
- 14862 funn
- tolkingar

- - eldre steinalder

- - yngre steinalder

- - bronsealder/jernalder

- litt om funntilhøva

Lesestoff
Legg til data i Miljølæres kulturbase

 

austevoll

Dei nye funna på Haugland

- metode - litt om tekniske ting

Det vart avtorva eit samanhengjande område med spade for å avdekkje spora etter busetnaden under torva. Hovudfeltet målte omlag 30 m². Det vart også gravd ei testrute på 1 m² omlag 6 meter nord for hovudfeltet.

Under forundersøkinga som vart utførd av Hordaland Fylkeskommune, vart det sett opp eit koordinatsystemet som også vart brukt i hovudgranskinga. Prøvestikka fra den gongen inngikk i det utgravde området. I koordinatsystemet stig X-aksen mot nord og Y-aksen stig mot aust.

Gravingseiningane vart delte opp i 50 x 50 cm store kvadrantar. Ein kunne sjå at det var ulike jordlag som låg oppå kvarandre her ute. Difor vart laga grave stratigrafisk. Kvart stratigrafiske lag vart grave 5 cm av gongen. Alle massane vart vaska i eit vatnsåld med nettingvidde på 4 x 4 millimeter. I heile utgravningsområdet, utanom eit par kvadrantar i sør, vart det gravd ned til berg.